(NPK-NTB): Kommune-Noreg fekk inn 6 prosent meir i skatteinntekter i fjor enn året før, trass utrekningar som tilsa skattetap i milliardklassa for eit halvt år sidan.
I fjor sommar blinka alle økonomiske varsellampar raudt i Kommune-Noreg etter utrekningar frå Statistisk sentralbyrå (SSB) som viste at kommunane var 1,4 milliardar kroner på etterskot i skatteinntekter i forhold til budsjett. Ifølge SSB kunne kommunane i landet totalt ende opp med 2,8 milliardar kroner mindre enn budsjettert ved slutten av året.
Det fekk opposisjonen til å gå til harde angrep mot regjeringa, som dei meinte gav altfor lite i skattekompensasjon til kommunane i revidert nasjonalbudsjett i mai. Fleire parti åtvara mot kutt i kommunale oppgåver som eldreomsorg og skule som konsekvens.
Fasiten for fjoråret viser likevel at kommunane ikkje tapte eitt øre, men derimot auka skatteinntektene i året som gjekk.
Ifølge KS' si eiga oversikt tok kommunane imot 136,6 milliardar kroner i skatteinntekter i fjor, ein auke på 6 prosent frå 2014. Fylkeskommunane tok imot 29,3 milliardar kroner, ein auke på 5,5 prosent frå året før.
Ifølge KS var det uventa restskatt som gav kommunane langt meir klingande mynt i kassa enn forventa. (©NPK)

Publisert: 16.02.2016 08:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48