Frode Sævik foto Bass Brothers
STABIL OMSETNING: Bass Brothers har stabilisert omsetninga kring 30 millionar kroner dei siste åra. Her er dagleg leiar og eigar Frode Sævik i dei gamle lokala i sentrum. Foto: Bass Brothers
Kort fortalt

Fra pluss til minus for Bass Brothers

Dårlegare lønnsemd for bilstereospesialisten.

Marius Rosbach
01.07.2024

2023-rekneskapen til Bass Brothers i Herøy viser at omsetninga har stabilisert seg kring 30 millionar. Selskapet hadde fleire år med kraftig vekst og tredobla inntektene sine frå 2019 til 2021.

Samtidig har lønnsemda gått ned dei siste åra. I fjor gjekk sjølve drifta i pluss, men resultat før skatt enda på minussida for bedrifta som sysselsette sju årsverk (sjå tabell under).

Finanskostnader og andre driftskostnader står for ei auke på utgiftssida, viser årsmeldinga.

Bass Brothers har spesialisert seg på bilstereoanlegg. I dag driv bedrifta berre sal via nett, etter at dei investerte i eit nytt bygg i Klokkargardsvegen og flytta frå Fosnavåg sentrum.

Frode Sævik eig alle aksjane i selskapet og starta med å selje stereoanlegg til hus, før han også byrja med bilstereoranlegg. I takt med at salet av bilstereoanlegg auka, krympa salet av husstereoanlegg inntil selskapet vart eit reindyrka bilstereoselskap.

Bass Brothers As
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt29,230,5
Driftsresultat0,11,9
Resultat før skatt- 1,11,1

Publisert: 01.07.2024 13:25

Sist oppdatert: 02.07.2024 01:07

Mer om