Frode Sævik foto Bass Brothers
HELD FRAM VEKSTEN: Frode Sævik og Bass Brothers er no nær ti tilsette og reknar med å trenge fleire. Foto: Bass Brothers
Nytt

Har tredobla inntektene sidan 2019

Bilstereobutikken i Herøy med nytt rekordår i fjor. Sikrar arbeid til fleire

Marius Rosbach
23.03.2022

Suksessen Bass Brothers i Herøy dundra vidare i fjor og enda med ny rekordomsetning og -overskot.

29 millionar kroner i omsetning – er opp ti millionar frå året før og ei tredobling sidan 2019. Dei nådde med andre målet som daglig leiar Frode Sævik hadde sett seg, med god margin.

Også overskotet var rekordhøgt med eit resultat før skatt på 3,7 millionar kroner (sjå tabell under). Bilstereobutikken held med andre ord fram med ein resultatmargin på over ti prosent.

Fleire tilsette
Koronapandemien har ikkje lagt nokon dempar på verksemda, og snart flyttar bedrifta ut av Fosnavåg sentrum til Myklebust. Det nye bygget er allereie teke i bruk som lager, men flyttinga av sjølve butikken er lett vente på seg.

Vestlandsnytt melde nyleg at bedrifta har søkt om å få utvide utvidingsplanane mellom anna med meir parkering. Sævik fortel til avisa at han trur flyttinga skjer i september.

Samtidig får bedrifta fleire tilsette. Etter to nytilsettingar teller arbeidsstokken no ni personar i fullt arbeid og Sævik reknar med at det kan bli fleire.

Mest sal via nett
Bass Brothers har spesialisert seg på bilstereoanlegg og sel både gjennom butikken i Fosnavåg og eigen nettbutikk. Det meste av inntektene kjem frå nettsal.

Sævik starta med å selje stereoanlegg til hus, før han også byrja med bilstereoranlegg. I takt med at salet av bilstereoanlegg auka, krympa salet av husstereoanlegg inntil selskapet vart eit reindyrka bilstereoselskap.

Bass Brothers as
Tal i mill. kroner
2021
2020
Driftsinntekter
29,7
19,1
Driftsresultat
4,2
2,2
Resultat før skatt
3,7
1,9

Publisert: 23.03.2022 08:43

Sist oppdatert: 23.03.2022 09:00

Mer om