Frp vil ha meir til veg
Frp vil ha fortgang i seks vegprosjekt som regjeringa har lagt på is.
Partiet set av 1,75 milliardar kroner til vegsatsing i det alternative budsjettet sitt.
Utbygging av nye og betre vegar reddar liv, understrekar samferdselspolitisk talsmann Frank Sve.
– Det er synd at regjeringa skrotar tog, veg og skredsikring inn mot Bergen, utbetring av tunnelar som blir omtalte som «gruvesjaktene» i Nordland, og heile tre prosjekt på E134 mellom Oslo og Rogaland, seier han til NTB.
Framstegspartiet legg torsdag fram forslaget sitt til statsbudsjett. Der vil dei prioritere seks prosjekt frå Nasjonal transportplan som regjeringa går inn for å utsetje i budsjettet sitt for 2023.
Partiet meiner det er viktig å halde framdriftsplanen i gang. Frp foreslår derfor å setje av 715 millionar kroner som skal gå til oppstart av desse prosjekta neste år:
* Nordland E6 – tunnel på strekninga Megården-Mørvikbotn.
* Vestland E16 – tunnel planlagt på strekninga Hylland-Slæen.
* Vestland E16/Vossabana på Arna-Stanghelle.
* Vestland E134 på strekninga Røldal-Seljestad.
* Viken E134 mellom Saggrenda og Elgjø.
* Viken E134 nytt løp i Oslofjordsambandet.
Til saman vil Frp auke løyvingar til riksveginvesteringar med 1,75 milliardar kroner fordelt på Statens vegvesen og Nye veier.
– Eg fryktar for jobbane i bygg- og anleggsnæringa i ein situasjon som allereie er kritisk. For å unngå ei endå større krise, må vi sørgje for at prosjekta som er vedtekne, planlagde og prosjekterte medan Frp sat i regjering, faktisk blir bygde, seier Sve, som er første nestleiar i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.
Regjeringa har vist til at det var nødvendig å leggje fram eit stramt budsjett som kravde harde prioriteringar, og dermed vart det ikkje rom for ein del av dei gryteklare samferdselsprosjekta. Bakteppet var behovet for å halde renta nede og dempe prisveksten.
Dette argumentet møter lita forståing hos Frp. Infrastruktur er ikkje ei utgift, men ei investering for Noreg, understrekar Sve.
Samferdselssatsinga kan dekkjast inn av kutt i offentleg sektor, ifølgje Frps budsjettforslag.
– Regjeringa har til no skjerma offentleg sektor og skuvar heile byrda over på vanlege folk og bedrifter gjennom historisk høge skatte- og avgiftsaukar. Frp vil ikkje skjerme byråkratane, men vanlege folk og bedrifter, seier Sve.
Han meiner det ikkje er grunn til å frykte at samferdselssatsing vil føre til at det blir for mykje gass i norsk økonomi.
– Gjennom massive kutt i ikkje-tenesteytande offentleg sektor, byråkrati og bistand unngår vi overoppheting av økonomien og gjer kvardagen betre for folk og næringsliv, seier han.
Publisert: 22.11.2022 09:12
Sist oppdatert: 22.11.2022 09:13