NPK-NTB: Det er store geografiske forskjellar i kor høg status yrkesfag har blant foreldre, og flest gutar blir tilrådd yrkesfag, ifølgje ei undersøking frå Veidekke.
På landsbasis anbefaler 37 prosent av foreldra yrkesfagleg utdanning til barnet sitt, viser undersøkinga Veidekke har fått utført.
Men dei geografiske forskjellane er store. I Nord-Noreg vil 44 prosent av foreldra vurdere yrkesfagleg utdanning til barna sine. Dette er den største delen i undersøkinga. Oslo har den lågaste delen, med 23 prosent.
Det er betydeleg lågare enn dei andre landsdelane. I Midt-Noreg anbefaler 41 prosent av foreldra yrkesfag til barna sine. På Vestlandet (39 prosent), Austlandet (36 prosent) og Sørlandet inkludert Telemark (37 prosent) er delen forholdsvis lik.
– Det er synd at det er så store geografiske forskjellar. NHOs ferske kompetanserapport viser at fagbrev er meir etterspurt enn mastergrad og dette bør foreldre ta inn over seg, seier administrerande direktør i Veidekke Entreprenør Dag Andresen.
Han fryktar at manglande kunnskap kan føre til at fordommar mot yrkesfag får leve vidare.
Kjønn har dessutan stor innverknad på anbefalingane. 44 prosent anbefaler yrkesfag til sonen i huset, mens berre 31 prosent anbefaler yrkesfagleg utdanning til dottera.
Dersom ein berre ser på bygg- og anleggsfag, er forskjellen større. 51 prosent av foreldre meiner utdanninga er aktuell for søner, mot berre 17 prosent dersom dei har døtrer. Det bekymrar Andresen.
– Noreg treng fagarbeidarar, seier han.

Publisert: 19.02.2018 14:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39