Kort fortalt

Fryktar rømd laks i seks Sunnmørs-elvar

Har rømt frå oppdrettsanlegg i Haram.

14.09.2017
NPK: Fleire tusen slakteklare laks rømde 19. juli frå eit oppdrettsanlegg i Grytastranda i Haram kommune på Sunnmøre. No har oppdrettsselskapet, Rauma Stamfisk, fått pålegg om å overvake seks vassdrag i området.
Fiskeridirektoratet fryktar at den godt vaksne tamlaksen kan ha funne vegen opp i elvane Hildreelva, Solnørelva, Spjelkavikelva, Tennfjordelva, Vatneelva og Ørskogelva.
– Oppdrettslaks på rømmen utgjer ein risiko for dei ville laksebestandane. Denne typen oppfølging etter enkelthendingar er derfor heilt nødvendig, seier seksjonssjef Ruth Lillian Kjæmpenes i Fiskeridirektoratet Region Midt i ei pressemelding.
Selskapet har leigd inn hjelp til å gjennomføre overvakinga i dei aktuelle elvane. Dersom det blir observert fisk frå anlegget til Rauma Stamfisk, kan det òg bli aktuelt å gå vidare med utfisking, opplyser Fiskeridirektoratet.
Laksen rømde i samband med slakting på anlegget Gjerset vest i Haram 19. juli i år.

Publisert: 14.09.2017 12:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41