Kort fortalt

Fryktar stopp i utbygginga av fornybar energi

Stopp i subsidiane vil bety stopp i utbygginga av vass- og vindkraftverk i Noreg om seks år.

05.10.2015
(NPK-NTB): Det meiner analysebyrået Markedskraft.
Til så lenge lønner det seg å byggje ut fornybar energi på grunn av elsertifikata som gir subsidiar til utbygging og drift. Men når denne ordningen fell bort – i 2021 – blir utbygging eit tapsprosjekt, forklarar analytikar Odd Gunnar Jakobsen i Markedskraft til .
– Elsertifikata står for nesten halvparten av inntektene. Drifta vil ikkje lenger vere lønsam når dei fell bort og kraftprisen held seg låg, seier Jakobsen.
Og det vil prisen antakeleg gjere. Etter den regntunge sommaren er kraftmagasina breiddfulle, og straumprisane i Noreg er på sitt lågaste på 15 år.
Norsk Vindkraftforening og Småkraftforeningen, som representerer ei rad kraftaktørar i distrikta, meiner styresmaktene må innføre nye støtteordningar etter 2021 for å halde oppe veksten i næringa. Jakobsen meiner derimot at ein byggjestopp kan bidra til å balansere marknaden.
– Eg vil ikkje seie at det er ei problematisk utvikling. Med eit stabilt tal på aktørar vil det store kraftoverskotet på sikt bli redusert. Det vil sørgje for høgare priser, som igjen vil auke lønsemda. Likevel vil det ta fleire år å få balanse i marknaden, og først då kan ein byggje ut meir, seier han. (©NPK)

Publisert: 05.10.2015 08:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50