Kort fortalt

Frå nyttår blir det nye parkeringsreglar

Du kan stå lenger utan å få bot.

22.12.2016
(NPK): Frå 1. januar 2017 trer den nye parkeringsforskrifta i kraft. Målet er å få likast mogleg reglar for private og offentlege parkeringstilbydarar.
Frå årsskiftet blir du ikkje lenger straffa om du er to minutt for seint ute – det vil ikkje bli gitt gebyr før fem minutt etter at parkeringsbilletten har gått ut. Gebyra blir på faste satsar som er like både for private og offentlege plassar.
– Ved dei fleste brot på reglane vil du måtte betale 600 kroner. Parkerer du på HC-plass vil du få 900. For mindre brot, for eksempel å gløyme å trekke billett på gratisparkering, slepp du unna med 300, seier avdelingsdirektør Henning Harsem i Statens vegvesen i ei pressemelding.
I tillegg blir det enklare å klage ved at det vert oppretta ei ny obligatorisk klagenemnd. Det blir også opp til kommunar om elbilar skal stå gratis og fleire tilpassingar når det gjeld plassar til funksjonshemma.
– Reglane gjeld alle som tilbyr parkering mot betaling, med tidsavgrensing eller på andre vilkår så lenge plassen ikkje er reservert for bebuarar, tilsette eller liknande, seier Harsem.

(©NPK)


Publisert: 22.12.2016 14:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43