(NPK): Frå nyttår går Fiskeridirektoratet frå sju til fem regionar, men ingen av dei åtte kontora som skal vekk, forsvinn med det første.
– Me er i rute, seier Olav Lekve, kommunikasjonsdirektør i Fiskeridirektoratet, til Fiskeribladet Fiskaren om endringa i kontor- og regionstruktur i Fiskeridirektoratet.
Opphavleg ville fiskeridirektøren kutte frå sju til tre regionar, men regjeringa meinte det var ei for stor endring. Dermed blir det frå 1. januar fem regionar i direktoratet.
Region Finnmark og region Troms blir slegne saman til ein ny region Nord, medan regionane Trøndelag og Møre og Romsdal blir ein ny region Midt.
I tillegg til at enkelte kontor mistar regionfunksjonar, skal åtte kontor leggjast ned. Det skjer likevel ikkje ved årsskiftet.
– Fristen for å leggje ned kontora er 31. desember. Når dette konkret skjer, varierer, men det er enno ingen kontor der ein dato er klar. Det einaste som er sikkert, er at ingen av desse kontora forsvinn allereie no ved årsskiftet. Endringa som skjer då, handlar om regionstrukturen, seier Lekve til avisa.
Kontora som på det meste har eitt år igjen, er Kjøllefjord, Havøysund, Vardø, Skjervøy, Brønnøysund, Sistranda, Fosnavåg og Kristiansand. (©NPK)

Publisert: 30.12.2015 22:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49