Fullt på nytt talkshow i Ålesund
Mange kom til premiere med kunstig intelligens.
Eit populærvitskap talkshow er omtalen av «Påfyll» eit nytt tilbod i Ålesund. Måndag kveld gjekk første arrangement av stabelen med full sal på Parken kulturhus, ifølgje ei pressemelding frå arrangørane.
Gjestane fortalde om ulike sider der kunstig intelligens kan påverke kvardagen og forfattar Bjørn Vatne losa publikum gjennom kvelden.
Gjestane på premieren var doktorgradskandidat Lena Vatne Bjørlo, medisinsk fysikar Endre Grøvik, dosent Ottar Osen, og førsteamanuensis Erlend Magnus Lervik Coates.
«Påfyll» er eit samarbeidsprosjekt mellom NTNU i Ålesund, SINTEF, Møreforskning, Helse Møre og Romsdal HF, Atlanterhavsparken og Ålesund kommune. Neste arrangement blir tysdag 19. mars.
Publisert: 07.02.2024 15:52
Sist oppdatert: 07.02.2024 15:52