Kort fortalt

Fylkesøkonomien i kraftig skvis

La fram økonomiplan og budsjett.

Marius Rosbach
02.11.2022

Høg prisvekst, renteauke og den usikre tida vi lever i, har gjort det utfordrande å planlegge den fylkeskommunale økonomien framover. Det er oppsummeringa frå fylkeskommunedirektør Gunn Randi Seime forslaget til Økonomiplan 2023-2026 med budsjett for 2023.

Samtidig som fylket har lagt opp til eit høgt nivå på drift og investeringar, opplever dei gallopperande prisvekst som det ikkje er teke høgde for i dagens økonomiplan.

Fylkespolitikarane får dermed ein tøff oppgåve med å sy saman eit endeleg vedtak i midten av desember. Første runde med politisk behandling, er 11. november.

Fylkeskommunen må omstille seg, og ta ned både drifts- og investeringsnivået til det Seime omtalar som eit «eit berekraftig økonomisk nivå», ifølgje ei melding på heimesidene til fylkeskommunen.

I første omgang foreslår ho kutt på i rammene til fag- og teneste, og stabsnivå på kring 46 millionar, og samferdsel på drygt 130 millionar.

Publisert: 02.11.2022 13:06

Sist oppdatert: 02.11.2022 13:08

Mer om