Kort fortalt

Fyllingsgrada i vassmagasina går opp

Men straumprisane held seg høge.

NPK
21.07.2022

(NPK): Fleire vassmagasin på Vestlandet har nytt godt av den regnfulle sommaren. Det er likevel ikkje nok til at det påverkar straumprisane. Og det skal mykje til for at rasjonering vert eit verkemiddel.

– Vi må nok ha ein av dei våtaste haustane i historia før vi kan sjå normale fyllingar, og det vil nok kunne senke prisane noko.

Det seier energianalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue til NRK.no.

Ferske tal frå NVE onsdag viser at fyllingsgrada i magasina no er på 64 prosent. Vanlegvis ligg talet på over 72 prosent.

Lilleholt seier likevel at rasjonering berre vert aktuelt på våren, dersom vi risikerer å gå heilt tomme for vatn. På vinteren er det som regel nok.

– Uansett blir prisen høg, som eit verkemiddel for å unngå rasjonering, forklarer han.

(©NPK)

Publisert: 21.07.2022 15:04

Sist oppdatert: 21.07.2022 15:06

Mer om