Kort fortalt

Fyllingsgrada ned - straumprisen opp

Medan fyllingsgrada i vassmagasina sokk førre veke, gjorde kulda i Norden kraftprisane høgare.

05.04.2023

I norske vassmagasin låg den samla fyllingsgrada på 33,6 prosent, ned 2,6 prosentpoeng frå veka før. Det viser den vekefaste magasinstatistikken frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Normalen for same periode dei siste 20 åra er eit nivå på 35,8 prosent.

Temperaturane fall i store delar av Norden frå veka før, og det var unormalt kaldt, ifølgje NVE. Det kalde vêret bidrog til meir kraftforbruk i både Norden og nord på kontinentet.

Saman med litt mindre vindkraftproduksjon i Tyskland og Storbritannia, og høgare gass-, kol- og CO2-pris, bidrog dette til høgare kraftprisar i heile Nord-Europa.

Straumprisen i det sørlege Noreg var 110 øre per kilowattime, den høgaste i Norden førre veke.

Prisen i Midt-Noreg auka med rundt 50 prosent, og i snitt var prisen på 82 øre per kilowattime. Høgt forbruk og periodar med lite vind gav timar med prisar på nivå med det sørlege Noreg.

Publisert: 05.04.2023 15:46

Sist oppdatert: 05.04.2023 15:46

Mer om