Kort fortalt

Få grøne selskap

Ingen «grøne» norske selskap på internasjonal liste.

23.08.2016
(NPK): Både Danmark, Sverige og Finland har selskap blant dei 200 største «grøne» børsnoterte selskapa i verda. Ingen norske selskap nådde opp, skriv E24.
Den japanske bilgiganten Toyota har den største «grøne» omsetnaden, etterfølgt av tyske Siemens og amerikanske Johnson Controls, ifølgje rapporten Carbon Clean 200.
På lista over dei 200 mest inntektsbringande «grøne» selskapa finst også fire danske, fire svenske og eitt finsk selskap.
Der nabolanda våre er representert med éin eller fleire oppføringar, glimrar derimot norske selskap med sitt fråvær.
– Eg er ikkje kjempeoverraska, seier Asbjørn Torvanger, økonom og seniorforskar ved CICERO, senter for klimaforskning.
– Generelt er dette ein indikator på at den grøne omstillinga i Noreg er meir krevjande enn i mange andre land. Det dreier seg gjerne om at vi har vore så fokusert på olje- og gassrelatert industri, som nødvendigvis må bli mindre med ei grøn omstilling. Dessutan har eit land som Sverige hatt ein langt breiare industriell basis historisk, seier forskaren.
Bak lista står den ideelle organisasjonen As You Sow og analyseinstituttet Corporate Knights.
For at eit selskap skal vere inkludert må det vere børsnotert, ha ein børsverdi på over 1 milliard dollar, og minst 10 prosent av omsetnaden må komme frå «reine» kjelder.
Torvanger påpeiker at Statkraft ville hatt ein naturleg plass på ei slik liste, men at det fell ut fordi det er eit heileigd offentleg selskap.
Desse nordiske selskapa er med på lista:
Danmark: Vestas (7. plass), Dong Energy (11), Rockwool (38), Novozymes (130). Sverige: Svenska Cell (26), Nibe (61), JM (144), Sweco (160). Finland: Valmet (99) (©NPK).

Publisert: 23.08.2016 20:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44