Kort fortalt

Få kuttar eigedomsskatten

- Hytteeigarar eit enkelt offer.

20.12.2017
NPK: Frå og med 2017 har kommunar hatt moglegheit til å gi fritak frå eigedomsskatt for fritidsbustadar, men få kommunar har så langt nytta den moglegheita.
Det skriv og refererer til tal frå Statistisk sentralbyrå.
– Det stadfestar at hytteeigarar er blitt eit enkelt offer. Det er lett for kommunepolitikarane å skrive ut eigedomsskatt for å saldere kommunebudsjettet, seier generalsekretær Morten Andreas Meyer i Huseiernes Landsforbund til NRK.
Han peikar på at hytteeigarane bidreg med meir i skattepengar enn det dei får tilbake gjennom å nytte infrastruktur.
– Du deltek ikkje i kommunevalet, du har ingen innverknad på korleis pengane vert brukt, seier han.

Publisert: 20.12.2017 13:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40