(NPK): Animasjonsutdanninga ved Høgskulen i Volda (HiV) har fått éin million kroner frå eit EU-program for å utvikle eit europeisk animasjonssamarbeid.
Euro-Anime er namnet på prosjektet, fortel . Prosjektet er inspirert av suksessen animasjonsfilm frå Japan har hatt, og føremålet er å få til eit europeisk animasjonssamarbeid.
Satsinga skal ifølgje avisa gå over tre år, og munne ut i idear til europeiske animasjonsfilmar med japansk tvist. Blir Euro-Anime ein suksess, kan resultatet bli å sjå på kinoar i byrjinga av 2020.
– Europa har ikkje ein eigen animasjonsindustri på same måte som Japan og USA har, så vi ser eit potensial for arbeidsplassar på dette området, seier førstelektor på animasjonsutdanninga Andres Mänd til smp.no.
EU-midlane er knytte til såkalla strategiske partnarskap-prosjekt. HiV samarbeider med utdanningsinstitusjonar i Tsjekkia og England om prosjektet, og har dessutan ulike selskap med på laget, fortel Sunnmørsposten. (©NPK)

Publisert: 04.11.2015 11:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50