Kort fortalt

Får fiske meir sei

Det er meir sei i havet. Kvotene aukar.

09.10.2015
NPK): Nærings- og fiskeridepartementet aukar den totale kvoten på sei med 18.000 tonn frå i fjor.
– Dei siste åra har det vore ein nedgang i gytebestanden av sei nord for 62 grader nord. Det er derfor gledeleg at det for andre gong på rad er grunnlag for ein auke av totalkvoten, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
Kvoten for 2016 på 140.000 tonn er sett i samråd med Det internasjonale rådet for havforsking, opplyser departementet. (©NPK)

Publisert: 09.10.2015 10:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50