(NPK): Om søknaden ikkje hadde gått gjennom, hadde Fjord Line vorte nøydd til å gjere all gassbunkringa i Danmark.
Dei to gassdrivne cruiseferjene går i rutetrafikk mellom Bergen og Stavanger og Hirtshals i Danmark.
LNG-leverandøren Skangass AS skal no byggje ei 600 meter lang røyrleidning frå produksjonsanlegget til kaikanten i Risavika, der gassrøyret skal kunne koplast til skipa med ein bunkringsarm.
– DSB kjem til å følgje byggjefasen tett for å sikre at Skangass etablerer anlegget etter dei føresetnadene vi har lagt til grunn, seier avdelingsleiar Anne-Elisabeth Arnulf i DSB.
DSB har godkjent søknaden på vilkår av at Skangass sørgjer for eit solid tryggingsopplegg. Mellom anna må selskapet sørgje for å ha både automatiske og manuelle nødstengjestystem, automatisk «break-away»-funksjon om ferja uventa rører på seg, kontinuerleg kameraovervaking og ekstra bemanning og avsperring av området rundt bunkringsarmen under bunkringa.
– I driftsfasen kjem vi til å føre tilsyn med at selskapet driv anlegget forsvarleg etter dei reglane som gjeld, og dei vilkåra vi har stilt i samtykket, seier Arnulf.

Publisert: 29.01.2014 13:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22