(NPK-NTB): Senterpartiet foreslår å halvere bompengar for tunge køyretøy, men får ikkje med seg Framstegspartiet.
– At Frp av alle parti no går mot dette blir nesten absurd når dei garanterte å fjerne alle bompengar dersom dei fekk makt, seier Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum.
Sp grunngjev forslaget med at norsk økonomi treng ekstra stimulans i ein vanskeleg periode. Ei halvering av bompengane vil gi bedrifter umiddelbar effekt på grunn av reduserte transportkostnadar, argumenterer partiet. Dei nye satsane skulle ifølgje forslaget tre i kraft frå februar neste år.
– Dette er eit tiltak som ville kosta staten 500 millionar kroner. Vi snakkar her under halvparten av den summen regjeringa no skal ta inn gjennom sine bompengar i lufta, også kalla flyseteavgift, seier Vedum.
Senterpartiet går inn for at staten skal dekke inntektstapet for bompengeselskapa slik at ikkje dei som køyrer personbilar skal måtte betale meir med den nye ordninga. (©NPK)

Publisert: 03.12.2015 16:37
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49