Kort fortalt

Får ikkje sove av vindkraftstøy

Støyande vindpark kan bli tvinga til å stengje på nettene.

21.02.2022

Tysvær vindpark kan bli pålagt å stengje fem av elleve turbinar på natta viss dei ikkje klarer å løyse problema med støy som held naboane vakne på natta.

Noregs vassdrag og energidirektorat (NVE) har gitt vindparken frist til måndag klokka 16 med å finne ei løysing på støyproblema. Viss ikkje vil NVE vurdere å påleggje mellombels stans frå klokka 19 til klokka 7 alle dagar, melder NRK.

– Vi har hatt dialog med NVE over lengre tid, og vedtaket kjem ikkje overraskande på oss, seier Leon Eliassen Notkevich, dagleg leiar i Tysvær vindpark.

Han beklagar støyen frå vindparken, som ifølgje ein innbyggjar har vore så intensiv at ho vart innlagd på sjukehus i to døgn.

Han håpar ei oppdatert programvare vil gjere at naboane til vindparken kan sove godt i ro og fred framover.

Publisert: 21.02.2022 16:20

Sist oppdatert: 21.02.2022 16:21

Mer om