Kort fortalt

Får pris for å kutte ut reinsefisk

Fleire aktørar delar på heider under årets Aqua Nor-messe.

NPK
21.08.2025

(NPK): Fiskevelferdsprisen 2025 er delt mellom Aquafuture og Cermaq, Eide Fjordbruk og Salmar for å ha slutta med reinsefisk i merdane.

Prisen vart delt ut på Aqua Nor-messa i Trondheim onsdag. I grunngivinga heiter det at desse selskapa har sett velferda til reinsefisk høgast og slutta med denne forma for kontroll av lus hos oppdrettsfisk.

I juryen er det representantar for Veterinærinstituttet, Havforskingsinstituttet og tidsskriftet Norsk Fiskeoppdrett.

Aquafuture har fokusert på stegvis velferdsdokumentasjon av det juryen seier er av god, open og vitskapleg kvalitet, der laks og lus blir skilt gjennom å ha eit djupt vassinntak, og gjennom å produsere laksen i eit semilukka system.

Juryen slår fast at AkvaFuture får prisen får deira lange arbeid med lukka teknologi, som gir låge dødstal. Og for viljen dei har til vitskapleg dokumentering og deling av kunnskapen, går det fram av ei pressemelding frå Veterinærinstituttet.

(©NPK)

Publisert: 21.08.2025 11:43

Sist oppdatert: 21.08.2025 11:43

Mer om