(NPK-NTB): Nordmenn søkjer like ofte etter flybillettar som før. Men faktiske bestillingar ligg no godt under normalen. Svak krone får mykje av skulda.
Ifølgje ein av dei største aktørane på marknaden for reisebestillingar på nettet, Finn.no, har reisebestillingane i månadene framover, spesielt på flysida, minka i forhold til i fjor, skriv
– Vi snakkar om direkte nedgang og eit billettsal som no ligg 5– 6 prosent lågare enn det normalt skulle liggje på, seier kommersiell direktør i Finn Reise Terje Berge til Aftenposten.
Han trur det er fleire årsaker til det fallande billettsalet enn dei generelt sett meir usikre økonomiske tidene for Noreg.
– Det har tatt litt tid for nordmenn å oppdage kor mykje den norske krona faktisk er blitt svekt i forhold til viktige valutaer som euro, dollar og britiske pund. Kredittkortrekninga etter sommaren har no komme og viste seg å vere mykje større enn i fjor som følgje av valutatapet. Dermed reagerer fleire med å kutte ut neste reise, seier Berge.
Gjennomsnittsprisen på flybillettar har ifølgje Finn gått opp med 25 prosent frå april og fram til no. (©NPK)

Publisert: 20.10.2015 08:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50