NPK-NTB: Mellom 2010 og 2016 blei det færre som gjekk frå mellombels til fast tilsetting, viser ein rapport.
Forskarane fann ingen effekt av oppmjukinga regjeringa gjorde i 2015. Delen mellombelse gjekk opp etter at arbeidsmiljølova blei liberalisert sommaren 2015, seier forskar Marte Strøm ved Institutt for samfunnsforskning (ISF) til . Det året gav regjeringa generell høve til å bruke mellombelse tilsettingar.
Eitt av måla var å gjere det lettare å komme inn i arbeidslivet for «nykommarar og personar som står utanfor arbeidslivet». Unge med hol i CV-en, innvandrarar og personar med nedsett arbeids- eller funksjonsevne blei trekt fram som grupper som kunne tene på dei nye reglane.
På oppdrag frå Arbeids- og sosialdepartementet har ISF sett på konsekvensane av lovendringa ved å ta for seg åra 2010 til 2016. Ein av konklusjonane er at delen i utsette grupper som har ein jobb, ikkje har auka etter reforma. Men Strøm seier det er ein langsiktig trend at det er færre mellombelse som får ein fast jobb.
Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) meiner det er for tidleg å felle ein dom og peiker blant anna på at den nye lova berre hadde verka i kort tid i 2016.
– Rapporten ser på den perioden der norsk økonomi fekk ein omgang juling etter oljeprisfallet. Den ser ikkje på 2017, då arbeidsløysa fall gjennom heile året. Arbeidsløysa hos unge har det siste året falle med drygt 21 prosent, seier ho til avisa. Hauglie strekar på same tid under at ho ikkje kan seie at lovendringa har så mykje å seie for den positive utviklinga gjennom fjoråret.

Publisert: 15.02.2018 09:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39