Kort fortalt

Færre milliardar til kraftkommunar

Vil fordele inntektene.

28.09.2022

(NPK-NTB): Regjeringa foreslår eit eittårig trekk i rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar med inntekt frå konsesjonskraft.

Forslaget inneber eit trekk på til saman 3 milliardar kroner frå kommunar og fylkeskommunar i område med høgast straumprisar, altså austlandet, sørlandet og vestlandet.

For å få ei rimeleg fordeling av trekket vil kommunane og fylkeskommunane fram til 1. desember kunne rapportere inn korleis konsesjonskrafta er disponert. Basert på innsend informasjon fastset regjeringa den endelege fordelinga.

Verdien av konsesjonskrafta i områda med høge straumprisar blir anslåtte til om lag 13 milliardar kroner i 2022 og 11 milliardar i 2023 – opp frå 4 milliardar i 2021. Berekninga er gjord ut frå prisanslag fastlagd i byrjinga av august i år.

(©NPK)

Publisert: 28.09.2022 09:42

Sist oppdatert: 28.09.2022 12:53

Mer om