(NPK-NTB): 14 prosent svarar at dei har kjøpt svart arbeid dei siste to åra i ei spørjeundersøking. Det er nesten ti prosent færre enn i 2009, då 23 prosent oppgav å ha kjøpt svart arbeid.
Blant dei som oppgav å ikkje ha nytta seg av svart arbeid, oppgav ti prosent at dei hadde vurdert det, ifølgje spørjeundersøkinga, som er gjennomført av Opinion for skatteetaten og Samarbeid mot svart økonomi, skriv
Fem prosent oppgav at dei sjølv hadde jobba svart i løpet av dei siste to åra.
Reinhald og snikkararbeid er tenestene som oftast blir betalt svart, følgt av transporttenester, mekanikar- og målararbeid.
Skattedirektør Hans Christian Holte meiner at haldningane til svart arbeid er i endring, men at det framleis må jobbast for å gjere det enklare for private og bedrifter å handle rett.
– Vi arbeider blant anna med å forenkle rapporteringa. Vi informerer om regelverket, for eksempel at kjøparen har eit medansvar for unndratt skatt og avgift når det blir betalt over 10.000 kroner i kontantar.
Opinion intervjua 2007 personar i mai og juni i år.

Publisert: 16.08.2016 12:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44