(NPK-NTB): Nordmenn gjennomførte færre reiser i fjerde kvartal i 2015, sett opp imot same periode i 2014.
Ser ein på heile fjoråret er trenden den same, likevel brukte vi meir pengar på reiser enn vi gjorde året før.
Tal frå SSB viser at nordmenn gjennomførte 16 prosent færre reiser i 4. kvartal i 2015 enn kva vi gjorde på same tid året før. Mest ned gjekk talet innanlandsreiser, men det var også færre utanlandsreiser i siste kvartal i fjor.
Flest reiser blei gjennomført med fly, og Spania var nordmenns føretrekte reisemål utanlands mot slutten av 2015.
Gjennom heile 2015 gjennomførte nordmenn 22,5 millionar overnattingsreiser. Det er ein nedgang på 9 prosent frå året før, likevel runda reisekostnadene 157,9 milliardar kroner. Det er 3,3 prosent meir enn i 2014. (©NPK)

Publisert: 17.03.2016 11:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47