Kort fortalt

Færre omkom på jobb i 2015

31 døde på jobb i fjor.

15.01.2016
(NPK-NTB): Arbeidstilsynet registrerte 31 dødsfall som følgje av ulykker i landbasert arbeidsliv i 2015. Det er ein klar nedgang frå førre år.
I perioden 2011– 2014 vart det i gjennomsnitt registrert 46 dødsfall i samband med arbeidsskadar kvart år, og i dei siste 40 åra er det berre i eitt år at det var færre dødsfall enn i fjor, ifølgje rapporten frå Arbeidstilsynet.
– Kvart arbeidsskadedødsfall er eitt for mykje. Det er alvorleg at 31 menneske døydde på jobb i 2015. Samtidig kan vi for første gong på fleire år sjå ein tydeleg nedgang i talet på omkomne, seier direktør Ingrid Finboe Svendsen i Arbeidstilsynet.
Av dei 31 som mista livet, var elleve utanlandske arbeidstakarar. Fire av dei omkomne var frå Polen, mens dei andre kom frå Latvia, Bulgaria, Litauen, Portugal, Sverige og Tyskland.
– Risikofylte arbeidsoppgåver, språkproblem, dårleg opplæring og mangel på verneutstyr forklarar kvifor utanlandske arbeidstakarar ser ut til å ha støtte risiko for arbeidsulykker enn norske arbeidstakarar, seier Svendsen.
Tradisjonelt peikar fire næringar seg ut som dei med flest arbeidsulykker, nemleg transport, landbruk, bygg og anlegg og industri. I 2015 var det ni dødsfall ved ulykker i transport, sju i landbruket og seks i bygg og anlegg. (©NPK)

Publisert: 15.01.2016 08:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49