NPK: Det førebelse talet på omkomne ved bruk av fritidsbåt i første halvår 2019 er ni. Det er ein nedgang på tre personar samanlikna med 2018. Dette er det lågaste talet Sjøfartsdirektoratet har registrert i statistikken sin.
– Sjølv om ein sjølvsagt ønskjer at alle kjem trygt heim, så er det gledeleg at ein no ser endå eit år der talet på omkomne går ned. Vi håpar og trur at dette er eit resultat av eit samla fokus på tryggleik frå fleire etatar og organisasjonar, men ikkje minst på grunn av at folk er blitt endå flinkare til å tenkje tryggleik når dei skal ferdast på sjøen i fritidsbåt, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet.
Sjøfartsdirektoratet oppmodar til sjekk av flyteutstyret, for eksempel at patroner med meir er innanfor haldbardatoen på oppblåsbare flytevestar, og at flyteutstyret vert nytta på rett måte. Det er også god tryggleik, om ein er åleine eller fleire om bord, i å nytte utstyr som stoppar motoren om ein fell over bord. Å kunne varsle ved ei hending er også viktig – her kan ein vasstett mobilpose gjere god nytte.
To av dødsulykkene skjedde frå kano, to frå lukka eller delvis lukka motorbåt og fire frå open motorbåt. Det er førebels ikkje stadfesta bruk av flytevest i meir enn tre av ulykkene.
Dei omkomne er fordelte på Rogaland og Troms (to i kvart fylke), Aust-Agder, Hordaland, Møre og Romsdal, Vest-Agder og Vestfold.

Publisert: 03.07.2019 18:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33