(NPK-NTB): Det siste året har det vore fleire alvorlege hendingar på norsk sokkel. Samtidig er etterspørselen etter sikkerheitskurs halvert.
Ifølgje har Falck Nutecs treningssenter i Bergen, Trondheim og Oslo hatt seksti prosent nedgang i omsetnaden frå toppen.
– Det er fleire grunnar til nedgangen. Det handlar om at det er liten aktivitet ute, at masse riggar er gått i land, og at det ikkje er nokre tilsettingar. Men det handlar også om nedgang i varigheita og frekvensen av kurs. Oljeindustrien sjølv pressar på her. Dei skal spare pengar, seier leiar Roar Orekåsa.
Seinast for to veker sidan blei mann-over-bord-kurs kutta frå to til éin dag. Tida mellom repetisjonsøvingar er gjerne fordobla. Brannmannskap og livbåtoperatørar treng ikkje lenger å gå på årlege repetisjonskurs, dei kan no gå annakvart år.
Prisane rasar også, og ingen i bransjen tener pengar, ifølgje Orekåsa.
Tillitsvalde i oljebransjen har åtvara om at kutta i oljebransjen fører til høgare risiko, men dette avviser arbeidsgivarsida.
Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) varsla tidlegare i veka ei ny stortingsmelding om sikkerheita på norsk sokkel. (©NPK)

Publisert: 01.12.2016 10:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43