Kort fortalt

Færre skademeldingar enn frykta

470 skademeldingar etter Ingunn.

02.02.2024

(NPK-NTB): Talet på skademeldingar inn til forsikringsselskapa stig etter ekstremvêret Ingunn. Dei opplyser at dei likevel ikkje var like mange som frykta.

– Det er ei stor hending, men ut frå dei opphavlege raude varsla, så kan ein nok seie at det relativt sett har gått ganske bra, seier kommunikasjonssjef Bjarne Rysstad i Gjensidige Forsikring til NTB.

Selskapet har fått inn 470 skademeldingar i samband med Ingunn, og det held fram med å komme inn førespurnader. Skadane er alt frå småskadar til skadar på driftsbygg, tak som har flerra av, og skader på fritidsbåtar.

Hos If forsikring ligg talet opp mot 200 skademeldingar, ifølgje kommunikasjonssjef Sigmund Clementz. Også her er talet lågare enn frykta.

– Med tanke på at det vart sendt ut raudt farevarsel, så vil eg seie at dette er eit moderat tal skadar i forhold til det ein kanskje kunne ha venta seg, seier Clementz til NTB.

Både Fremtind og Frende forsikring opplyser også i eigne pressemeldingar at dei hadde venta eit høgare tal. Fremtind har fått inn rundt 300 skadar, medan Frende har registrert 80 meldingar.

Alle selskapa ventar at tala vil stige i dagane og vekene framover. Særleg når det gjeld skadar som ikkje verkar direkte inn på kvardagen til folk, eksempelvis fritidsbåtar som ikkje har vorte sett til og liknande, er venta auke.

(©NPK)

Publisert: 02.02.2024 17:31

Sist oppdatert: 02.02.2024 17:31

Mer om