Kort fortalt

Førar av hurtigbåt sikta etter ulukke

Torghatten-fartøy kolliderte med Frøy-båt.

10.07.2023

(NPK-NTB): Onsdag 28. juni kolliderte hurtigbåten MS Tyrhaug med ein notvaskebåt på Nordmøre og fire personar vart sende til sjukehus. Føraren av hurtigbåten er no sikta.

– Politiet har teke beslag i mobiltelefonen til føraren av hurtigbåten, og dette gir han status som sikta, opplyser politifullmektig Christian Asdahl i Møre og Romsdal politidistrikt til Adresseavisen.

Asdahl seier at mannen er sikta for aktlaus framkalling av fare for allmenta. Han forklarer vidare at mannen ikkje er avhøyrd etter at siktinga vart teken ut, og at han ikkje har vorte spurt om han erkjenner straffskuld.

Ulykka skjedde like nord for øya Tustna i Aure kommune i Møre og Romsdal. Hurtigbåten var på veg frå Kristiansund til Trondheim då han kolliderte med notvaskebåten frå Frøy. Fire personar som var om bord i hurtigbåten, vart sende til sjukehus.

– Etterforskinga så langt tilseier ikkje at hurtigbåten reduserte farten før samanstøyten, seier Asdahl.

Han opplyser at hurtigbåten ifølgje vitneopplysningar heldt ein fart på cirka 30 knop i forkant av kollisjonen. Hurtigbåten køyrde rett inn i den andre båten bakfrå. Det var altså hurtigbåten som hadde vikeplikt.

(©NPK)

Publisert: 10.07.2023 12:06

Sist oppdatert: 10.07.2023 12:06

Mer om