Kort fortalt

Første by utan bilar i sentrum

Arendal vil bli Noregs første med bilfritt sentrum.

24.11.2016
(NPK): Det ønskjer fleirtalet av politikarane i bystyret. Innan eitt år kan bilane forsvinne.
– Vi har allereie på plass mykje av infrastrukturen, seier ordførar Robert Cornels Nordli (Ap) til NRK.
Byen har i dag ei bilparkering i fjellet. Og no vil ordføraren gjere alvor av tanken om eit bilfritt sentrum allereie frå neste år. Nordli vil fjerne avgiftsplassane i sentrum, men vil førebels ikkje definere kvar sentrumsgrensa går.
– Det må vi komme tilbake til, men vi har allereie byrja å teikne kart. (©NPK)

Publisert: 24.11.2016 09:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43