Første heilelektriske hurtigbåt
Skal vere ferdig i mars neste år.
Reiarlaget Norled skal hjelpe til med teknisk ekspertise og rådgiving under bygginga av den nye fullelektriske hurtigbåten til Kolumbus og Fjellstrand, MS Medstraums.
– Vi er veldig glade for å kunne jobbe på eit så spennande prosjekt, seier administrerande direktør i Norled, Heidi Wolden, til Skipsrevyen.
Norled har sidan utviklinga av den første elektriske ferja i verda, MF Ampere, jobba med nullutsleppsløysingar for både ferje og hurtigbåt.
Norled vil saman med kollektivselskapet Kolumbus og verftet Fjellstrand bidra med teknisk bistand innanfor skipsdesign, elektro, navigasjon, sikkerheit og energiforbruk.
I tillegg vil Norled følgje opp bygginga av fartøyet, utarbeide drifts- og vedlikehaldsprogram, og delta i planlegging av testing og ferdigstilling. Arbeidet vil starte i mai dette året og gå føre seg fram til hurtigbåten er klar for test og ferdigstilling i mars 2022.
Fartøyet vil bli sett inn i rutedrift og bli operert av Norled i Kolumbus sine ruter til byøyane i Stavanger og Hommersåk i Sandnes. Fartøyet skal byggjast hos verftet Fjellstrand AS.
Publisert: 22.04.2021 15:43
Sist oppdatert: 22.04.2021 15:45