Kort fortalt

Første laks frå havfarm klar til slakting

Har kapasitet til 10.000 tonn laks.

24.02.2021


Nordlaks opplyser at første laksen frå havfarmprosjektet til selskapet er klar til slakting.

Det var iTromsø som først melde at slaktearbeidet kan starta i mars. Då er det venta at den første av to brønnbåtar kjem frå verftet i Tyrkia. Desse brønnbåtane er spesialbygde for å tole eit meir vêrhardt klima, og dei har forbetra losse- og fiskelogistikk, skriv ilaks.no.

– Vi er svært spente og gler oss til å kome i gang med slaktinga, seier prosjektleiar Bjarne Johansen.

Johansen fortel at eit testpanel har vore inne og smakt på havfarm-laksen. Dei seier at laksen har god og fast struktur, og at han smakar betre enn anna oppdrettslaks.

Havfarmen «Josten Albert» er 385 meter lang, 59,5 meter brei og har kapasitet til 10.000 tonn laks. Anlegget ligg fem kilometer sørvest for Hadseløya i Hadsel kommune i Vesterålen.

(©NPK)

Publisert: 24.02.2021 16:14

Sist oppdatert: 24.02.2021 16:16

Mer om