(NPK-NTB): For første gong blir det teke pengar ut av oljefondet. Det første uttaket skjedde i januar og var på 6,7 milliardar kroner, viser tal frå statsrekneskapen, som nyleg vart offentleg.
Finansdepartementet bekreftar uttaket i ein e-post til .
Reduserte inntekter til staten som følgje av den låge oljeprisen gjer at 2016 er venta å bli det første året med uttak frå oljefondet.
Sidan første innskot i 1996 er det overført nær 3.500 milliardar kroner til fondet, inkludert innskot i dei to siste månadane av fjoråret.
Statssekretær Paal Bjørnestad (Frp) i Finansdepartementet seier dette i ein e-post:– Som det går fram av Nasjonalbudsjettet 2016 ligg statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda an til å bli lågare enn det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet i 2016. Sjølv om fallet i oljeprisen har skunda på dette tidspunktet, bør det ikkje komme som noka stor overrasking at oljeinntektene etter kvart ville minke og bli lågare enn avkastninga av fondet og bruken av fondsmiddel over budsjettet.
Overføringane til oljefondet har falle dei siste åra, og enda på 46 milliardar kroner i 2015, basert på Oljefondets rapport per tredje kvartal pluss overføringar i november og desember. Det er det lågaste innskotet sidan 1999.
Samtidig som det blir teke ut pengar frå oljefondet, er verdien av fondet redusert med rundt 300 milliardar kroner hittil i år, som følgje av fall i den globale aksjemarknaden.
Verdien av fondet var natt til fredag norsk tid drygt 7.090 milliardar kroner, ifølge på Oljefondets nettside. (©NPK)

Publisert: 04.03.2016 08:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47