NPK-NTB–Mette Estep: Rekordstor gassproduksjon er årsaka til at produksjonen på norsk sokkel auka i fjor, trass nedgang i oljevolumet. Oljedirektoratet spår framleis auke i sju år.
Oljedirektør Bente Nyland la tysdag formiddag fram resultat av leiting og produksjon i 2017 og investerings- og produksjonsprognosar for dei neste fem åra.
– Dei høge produksjonsprognosane er godt nytt for alle som er opptatt av verdiskaping i Noreg, seier Nyland.
Optimismen er så stor at det blir antyda at produksjonen kan nå rekordnivået frå 2004.
Ved årsskiftet var det 85 produserande felt på norsk sokkel, Fem av desse vart sett i produksjon i 2017. I tillegg vart det levert planar for utbygging og drift (PUD) for ti nye prosjekt, mens ni er under utbygging. Etter nokre år med nedtur ser det ut til at det er klart for vidare opptur, med ei meir robust næring.
– Prosjekta som blir vedtekne no, har generelt god lønsemd og kan tole ein oljepris heilt ned mot 30‐40 dollar per fat, seier Nyland.
I 2018 forventar Oljedirektoratet at investeringane vil liggje rundt 122 milliardar kroner, om lag på same nivå som i fjor. I 2019 er det forventa at investeringane stig til i underkant av 140 milliardar kroner.

Publisert: 11.01.2018 13:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40