Kort fortalt

Gigaskip registrert i NIS

Skipet er 336 meter langt.

04.08.2016
NPK): Eitt av dei lengste skipa i verda er blitt registrert i Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS), opplyser Sjøfartsdirektoratet.
Det er skipet Eco Future, ein nybygd oljetankar på 336 meter, som onsdag blei levert til Awilco Eco Tankers 2 AS, som går inn i NIS som eitt av dei lengste skipa i verda. Søsterskipet Eco Leader, det også på 336 meter, blei registrert i NIS 23. juni.
– Dette er svært positivt og eit godt tilskot til flåten, seier avdelingsdirektør Anita Malmedal i Sjøfartsdirektoratet.
NIS har no registrert 565 skip med ein auke på 30 skip sidan årsskiftet. Sjøfartsdirektoratet fortel at utsiktene framover er gode, og at to nye Eco-skip er planlagde levert og registrert i Oslo til hausten. (©NPK)

Publisert: 04.08.2016 14:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44