(NPK): Sjømatrådet hadde i haust planar om å vise fram norsk sjømat til tyrkarane. Situasjonen i landet er derimot så usikker at ein har valt å utsetje satsinga, skriv IntraFish.no.
Sjømatrådet hadde lenge jobba med ei større satsing der dei skulle vise fram norsk sjømat i Tyrkia. Både laks, torsk, makrell og skaldyr stod på menyen. Dette skulle etter planen ha vore i oktober, men terrortrusselen og unntakstilstanden i landet gjorde at ein valde å leggje prosjektet på is.
– Satsinga, som hadde arbeidstittelen «House of Laks», vart avlyst av omsyn til menneskeleg og økonomisk risiko, seier Tyrkia-ansvarleg Maria Kivijärvi Heggen i Sjømatrådet til IntraFish.
Ho vonar dei kan ta fram att planane om ikkje så altfor lenge.
– Det er eit veldig spennande prosjekt som vi absolutt kunne tenkt oss å jobbe vidare med. Vi kjem til å ta ei vurdering i byrjinga av 2017. Vi må sjå korleis situasjonen i Tyrkia utviklar seg. (©NPK)

Publisert: 18.11.2016 13:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43