Kort fortalt

Gjelda aukar

Finanstilsynet bekymra over auka gjeldsgrad.

30.11.2016
(NPK-NTB): Gjelda til norske hushald er på eit historisk høgt nivå, og aukar no langt meir enn inntektene, ifølgje Finanstilsynet som forventar at gjelda vil auke ytterlegare.
Dei siste åra har gjelda til hushalda auka med rundt 6 prosent i året. Finanstilsynsdirektør Morten Baltzersen viser til ferske tal frå SSB som viser at gjelda aukar endå litt meir. Oktobertala viser ein årleg vekst på 6,3 prosent.
– Dette skjer samtidig som lønnsinntektene er lågare enn tidlegare. Desto lengre gjeldsoppbygginga varer og desto meir bustadprisane stig, desto større blir fallhøgda i norsk økonomi, seier Baltzersen som tysdag la fram sin halvårlege analyse av økonomiske utviklingstrekk. (©NPK)

Publisert: 30.11.2016 11:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43