Gjenbruksbutikk i Sykkylven
Nyopning for Smått & Stort i morgon.
Selskapet Smått & Stort i Sykkylven har sidan 1993 drive butikken med same namn. Her har ein blant anna seld barneklede og hatt garnavdeling. No vert det endringar. Ifølgje butikken si Facebook-side er det no slutt på sal av barneklede, medan garnavdelinga held fram. I tillegg vert butikken omgjort til gjenbruksbutikk der den enkelte kan leige stand, og selje sine produkt mot provisjon, medan butikken tek seg av salet.
I fjor vart det eit fall i omsetninga. Resultatet før skatt vart også negativt med 66.000 kroner. Også i åra 2017-2019 gjekk drifta i minus.
Ingvild Aure og Stig Lennart Aure eig kvar 48 prosent av selskapet, medan Lidvar Aure eig 4 prosent.
Samla eigenkapital er på 0,3 millionar kroner, og langsiktig gjeld null.
Smått & Stort | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 1,9 | 2,4 | |
Driftsresultat | -0,04 | 0,1 | |
Resultat før skatt | -0,06 | 0,1 |
Publisert: 26.04.2023 09:30
Sist oppdatert: 26.04.2023 06:24