Kort fortalt

Gjenopning i Fugl Føniks-lokale

Jan Endre Vartdal inn i restaurantbransjen.

15.06.2022

Eigarane av bygget og lokala som fram til konkursen i mai i år husa restaurantbedrifta Fugl Føniks i Ørsta startar nytt restaurantselskap.

Målet er å opne ny drift 1. august, skriv Møre-Nytt.

Eit nytt restaurantselskap, TIK Cafè, er under skiping.

Det er eigd av huseigarane Jan Endre og Sindre Vartdal gjennom selskapet Brødrene Vartdal, Cecilie Langva gjennom C. Langva Holding og Einar og Torstein Holsvik gjennom selskapet Waterstone.

Eigarane skal eige restaurantselskapet, og rekrutterer no folk som skal drive selskapet.

Publisert: 15.06.2022 20:58

Sist oppdatert: 15.06.2022 21:12