Erik Rolfsen Guri Melby Annika Brandal foto venstre
LANDSMØTE: Venstre-leiar Guri Melby flankert av 1. og 2. kandidatane til partiet i Møre og Romsdal, Erik Rolfsen og Annika Brandal. Foto: Venstre/Celina Christophersen
Kort fortalt

Glad for fleirtal om kutt i formuesskatten

Venstre vedtok ny kurs på landsmøte.

Marius Rosbach
11.03.2025

Møre og Romsdal Venstre sin delegasjon på partiet sitt landsmøte i helga, jublar for gjennomslag forkutt i formuesskatten, ifølgje ei pressemelding.

Hovudtemaet for landsmøte var behandlinga av nytt partiprogram. 

Venstre vedtok mellom anna å gå inn for å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital, slik også Høgre og Kristeleg Folkeparti har teke til ordre for. 

Møre og Romsdal Venstre spelte ei aktiv rolle gjennom landsmøtehelga, både i diskusjonar og debattar, ifølgje meldinga.

1. kandidat Erik Rolfsen frå Kristiansund peika både på fjerning av formueskatten og viktigheita av at EØS-avtalen består.

Fylkesleiar og 2. kandidat Annika Brandal frå Hareid løfta fram behovet for styrking av den maritime kompetansen som ein del av totalforsvaret.

Eit forslag frå Møre og Romsdal om at Venstre vil bidra til at det maritime næringslivet, kan forsterke si innovasjonskraft og posisjon lokalt, nasjonalt og internasjonalt, blei også vedtatt i stortingsprogrammet.

Publisert: 11.03.2025 10:44

Sist oppdatert: 11.03.2025 10:57

Mer om