
Vil senke formuesskatten så raskt som råd
Høgare eigarskattar og innføring av grunnrenteskatt vitnar om manglande forståing for industrien, meiner Høgre-leiar Erna Solberg.
Tysdag og onsdag har Høgre-leiar Erna Solberg vore på besøk i Ålesund der ho mellom anna opna Gath-konferansen ved Parken Kulturhus.
Konferansen samlar i hovudsak bedrifter som leverer utstyr og tenester til oppdrettsbransjen.
Frå scena var Høgre-leiaren tydeleg på at ho meiner styresmaktene bør gjere meir for å legge til rette for ny vekst for havbruksnæringa. Ho var like tydeleg på at ho meiner politikken med høgare eigarskattar og innføringa av grunnrenteskatt, vitnar om ein manglande forståing for industrien.
– Det er ei generell dårleg forståing av næringslivet mellom politikarar, og jo lengre vekk frå næringslivet ein kjem, jo dårlegare forståing, utdjupar Solberg til Nett No.
– Har skapt ein genuin frustrasjon
Om Høgre kjem tilbake i regjeringa etter neste års val, lovar Solberg at både formuesskatten og grunnrenteskatten vil bli lågare.
– Den kraftige auken i skatt for bedriftseigarar har skapt ein genuin frustrasjon. Veldig mange norske små og mellomstore bedrifter opplever no at pengane dei skulle bruke til å forbetre seg, drive innovasjon og gjennomføre det grøne skiftet – i staden forsvinner til skatt, seier ho.
Ho er ikkje i tvil om at formuesskatten bidreg til mindre verdiskaping, ikkje minst for produksjonsbedrifter.

Meiner det er viktig å ta raske grep
Høgre og dei andre borgarlege partia har gjort det klart at dei vil fjerne, eller senke formuesskatten på arbeidande kapital.
Høgre-leiaren meiner det er viktig å ta grep så raskt som råd om dei kjem i posisjon.
– Det viktigaste er å få vekk formuesskatten på arbeidande kapital, seier Solberg.
Samtidig påpeiker ho at pengane må hentast inn på andre område, og stadfestar at auke av selskapsskatten er eit aktuelt alternativ.
I dialog med bransjen om lakseskatten
Grunnrenteskatt på oppdrett er eit omdiskutert grep som også var tema under GATH-konferansen.
Ein rekke leverandørbedrifter på Nordvestlandet er blant dei som er råka hardt etter at oppdrettsselskapa har skrudd igjen investeringskrana.
Solberg fortel at dei har dialog med næringa om kva som bør gjerast. Høgre ønska i utgangspunktet ei utgreiing før grunnrenteskatten blei innført – samtidig som dei ville ha ein lågare skattesats.
– Vi er nøyd til å gjere noko som endrar stemninga kring nye investeringar, legg Solberg til.
Betre med lågare sats enn nye løysingar
Partileiaren påpeiker at ho først og fremst er kritisk til at regjeringa innførte lakseskatten utan dialog med næringa. Ho viser også til at skattekronene kunne vore henta inn på andre måtar – til eksempel gjennom den allereie etablerte produksjonsavgifta.
– Mange har no tilpassa seg dagens system og då er truleg ein langt lågare skattesats ei betre løysing, enn å innføre heilt nye løysingar, seier Solberg.
Ho minner om at næringa framleis må stå ved bodskapen om at dei kan bidra med meir skatt enn tidlegare, men summen for den totale skatterekninga må ned, meiner Solberg.
– Overtydd om at dette ikkje er toppen
Oppdrettsbransjen har framleis har store utfordringar både når det gjeld sjukdom og utslepp til miljøet. Likevel meiner Erna Solberg at næringa har fått eit ufortent dårleg stempel.
– Det har mykje med media å gjere, og det gjeld ikkje berre oppdrett. Men når nyheitene er den einaste kjennskapen folk har til oppdrett, så blir det gjerne slik, seier Solberg.
Trass utfordringane, trur ho bransjen vil oppleve ny vekst og meiner mange kan lære av framtidstrua og optimismen som pregar bransjen.
– Eg er overtydd om at dette ikkje er toppen, og at det er meir verdiskaping og fleire suksesshistorier framfor oss, sa ho til konferansedeltakarane.
Publisert: 04.09.2024 15:26
Sist oppdatert: 04.09.2024 15:26