Venstre-leiar Guri Melby er mellom dei som deltek på verftskonferansen i Ålesund tysdag. Ho var invitert for å snakke om korleis ein kan sikre norsk næringsliv i ein meir usikker verd.
– Eg er glad for at vi for moglegheita til å lage den koplinga mellom norsk næringsliv og sikkerheit. Vi må ha eit næringsliv vi kan lene oss på om vi skal trygge oss sjølv i ein meir usikker verd, seier ho til Nett No.
Det er første gong Melby er på den årlege verftskonferansen, der forsvarsindustrien står i fokus på tysdag. Onsdag står kunstig intelligens øvst på dagsorden.
Bakgrunn for verftskonferansen:
– Avgjerande i krise og krig
Melby påpeiker at det handlar om forsvarsindustrien, men også kva slags rolle resten av næringslivet har i norsk beredskap.
– Det å ha verft som kan reparere båtar til elektrobedrifter som kan fikse ting, er avgjerande i krise og krig. Kva må vi gjere for å sikre at vi har norskeigde bedrifter, spør Melby.
Svaret hennar er mellom anna lågare skattetrykk på bedriftseigarar og stabile rammevilkår – begge er punkt Støre-regjeringa har fått kritikk på frå store delar av bedrifts-Norge dei siste åra.
Venstre vil som dei andre borgarlege partia, mellom anna fjerne formuesskatt på arbeidande kapital.
– Vi kan ikkje ha ein politikk som gjer det vanskeleg å vere norsk eigar, slik regjeringa gjer i dag. Dei tappar bedriftene og næringslivet langs kysten for milliardar. Dei pengane burde vi heller la vere her, i staden for at dei skal gå til staten, seier Melby vidare.
Les programmet for verftskonferansen her (ekstern lenke)
– Har veldig gode moglegheiter
Venstre-leiaren håpar å få med seg innspel til korleis partiet kan vere med å lage ein politikk som sikrar verftsindustrien si rolle i den forsvarssatsinga som kjem.
– Vi har veldig gode moglegheiter til å ta i bruk norsk næringsliv og industri. Då må også industrien vere konkurransedyktig, og eg reknar med at dei har gode planar for korleis dei skal vere det. Om vi legg til rette med gode rammevilkår, håpar eg på innspel til korleis dei skal spele oss gode, legg ho til.
Regjeringa har lagt fram planar for å investere i 28 nye fartøy til forsvaret, i tillegg til fleire nye fregattar. Det er snakk om investeringar for titals milliardar der den norske industrien ønsker å sikre seg kontraktar.
Publisert: 05.11.2024 10:50
Sist oppdatert: 05.11.2024 11:38