Blahuset Gro Gjerdevik Camilla Kvammen Madeleine Vatne Viddal alti foto Marius
BEST I NORDVEST: Alti Blåhuset hadde størst vekst av kjøpesentera på Nordvestlandet både så langti år, og under Black Week-veka. Frå venstre: Markedskoordinator Alti Blåhuset, Madeleine Vatne Viddal, Sport Outlet-butikksjef Camilla Kvammen og eigedomssjef i Alti Forvaltning Gro Gjerdevik. Foto: Marius Rosbach.
Kort fortalt

God Black Week for butikkane

Auka omsetninga med nær sju prosent.

09.12.2024

(NPK-NTB): Kjøpesentera auka omsetninga med 6,9 prosent i veke 47 og 48, samanlikna med same periode i fjor.

Butikksegmentet hus og heim hadde ein omsetningsvekst på 11,4 prosent, skriv Virke i ei pressemelding.

Veke 47 og 48 varte frå 18. november til 1. desember, og omfatta altså den vanlege Black Week-perioden.

– Årets julehandel har starta sterkt, med solide resultat under Black Week. Dette samsvarer med forventningane våre om at kjøpekrafta til nordmenn har betra seg, og at optimismen er aukande. For mange butikkar, spesielt dei som har hatt nokre tøffe år, er dette svært positive nyheiter. Julehandelen vil vere ekstra viktig for dei i år, seier sjefanalytikar Runar Wiksnes i Virke.

(©NPK)

Publisert: 09.12.2024 09:50

Sist oppdatert: 09.12.2024 09:50

Mer om