Kort fortalt

God effekt av Panama Papers

Fleire opplyser skatteetaten om skjulte formuar.

15.08.2016
(NPK-NTB): Etter Panama Papers-avsløringane er det langt fleire enn før som opplyser skatteetaten om skjulte formuar, skriv VG.
Rekordmange har tatt kontakt med skatteetaten i første halvår for å melde inn verdiar som skulle vore innrapporterte tidlegare. Om ein gjer dette slepp ein å betale tilleggsskatt, og ein slepp å risikere å bli politimeldt, skriv .
Det er 295 personar som i første halvår har tatt kontakt med skatteetaten for å opplyse om verdiar dei skulle ha meldt inn tidlegare, mot 161 personar på same tid i fjor.
– Vi ser at det har vore ein rekordstor bruk av ordninga det siste halvåret. Dette kan kome av Panama Papers-avsløringane og auka merksemd rundt internasjonal skattlegging. Det trur eg er positivt, fordi folk tenkjer over kva dei bør melde inn, seier skattedirektør Hans Christian Holte i skatteetaten til avisa. (©NPK)

Publisert: 15.08.2016 09:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44