Kort fortalt

God magasinfylling hjelper lite

Vert framleis høge prisar.

12.12.2022

Fyllingsgrada i vassmagasina har auka kraftig gjennom hausten, og det blir ikkje kraftrasjonering til våren, ifølgje NVE. Men prisane framover held seg høge.

– Analysane våre viser at sjølv med store driftsutfordringar i Norden, vil vi ikkje komme i ein rasjoneringssituasjon denne vinteren, seier direktør Kjetil Lund i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Den krevjande energisituasjonen i Europa får likevel framleis konsekvensar i Noreg.

– Så lenge gassprisane er høge, ventar vi at straumprisen også vil liggje på eit høgt nivå, seier Lund.

Også neste vinter kan bli krevjande.

– Det bør kraftprodusentane ta omsyn til gjennom denne vinteren. Vi bør ikkje gå ut av denne vinteren med for låg fyllingsgrad, seier Lund.

Publisert: 12.12.2022 11:00

Sist oppdatert: 12.12.2022 11:02

Mer om