Kort fortalt

God mat i Vanylven

Eldre i Vanylven og Gloppen på mattoppen.

21.06.2016
(NPK): I konkurranse med 200 alders- og sjukeheimar over heile landet, står det no igjen fem finalistar i kåringa Gylne Måltidsøyeblikk.
Konkurransen vert arrangert av Landbruks- og matdepartementet og har som mål å gjere institusjonsmaten betre og fremje matglede blant eldre. Vanylven omsorgssenter, Gloppen omsorgssenter, Sundheim Bo- og treningssenter, Løten Helsetun og Økernhjemmet står no igjen i finalerunden.
Dei fem finalistane har på grunnlag av spørjeskjemasvar oppnådd dei høgste poengsummane i landet. Av 80 moglege poeng, fekk alle finalistane meir enn 74 poeng.
I finalerunden vil alle dei fem sjukeheimane få besøk av representantar frå Landbruks- og matdepartementet, Forbrukarrådet og Pårørandeaksjonen. Både dei tilsette, bebuarar og pårørande vil bli høyrde i samtalane som skal handle om matglede, tilrettelegging av mat og måltid, bruk av lokale råvarer, og heilskapleg kvalitet.
Under besøket vil det bli både filma og teke bilete for å fange opp atmosfæren på staden. Vinnaren får ein premie på kroner 10.000,- hausten 2016. (©NPK)

Publisert: 21.06.2016 10:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45