Kort fortalt

Godt Aurstad-resultat i fjor

16.01.2024

Ørsta-entreprenørane i Aurstad Tunnel omsette for vel 430 millionar kroner i fjor, melder Møre-Nytt.

Det er ei auke på meir enn 100 millionar samanlikna med 2022. Også lønnsemda var betre i fjor, ifølgje administrerande direktør Jo Stian Tverberg.

– Vi hadde mange prosjekt, og er godt nøgde med situasjonen. Anleggsbransjen er ofte sesongorientert. Men vi klarte å lande jobbar slik at vi hadde oppdrag heile året, også vintertida som kan vere roleg, seier han til avisa.

Han fortel at selskapet som har drive mest med vegbygging, også er involvert i fleire ulike type jobbar enn før. Sjølv om konkurransen er hard, har Aurstad mykje jobb til dei kring 115 tilsette framover.

Publisert: 16.01.2024 09:03

Sist oppdatert: 16.01.2024 09:03

Mer om