Jo Stian Tverberg Austad foto Ogne
VEKST: Aurstad-sjef Jo Stian Tverberg aukar arbeidsstokken i år. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kostnadsauke og millionerstatning

Aurstad-konsernet ligg an til vekst og auka lønsemd i år.

28.06.2023

- Ganske krevande med høgare kostnadar for dei alle fleste innsatsfaktorar, seier Jo Stian Tverberg, sjef for Aurstad-konsernet om 2022.

Entreprenørselskapet med hovudkontor i Hovdebygda i Ørsta sysselsette over 90 årsverk i fjor og aukar arbeidsstokken i år. Ordreboka er svært god, seier Tverberg. Dei lengste oppdraga vare to år fram i tid.

Sjølv om ein del av kontraktane til selskapet har klausular som gjer det råd å auke prisane når kostnadane aukar, fangar ikkje klausulane opp all kostnandsauke. I tillegg har selskapet kontaktar der prisen er låst. Konsekvensen var at kostnadsauken i fjor gjekk ut over lønsemda, ifølge Tverberg.

Meir kontroll i år
Så langt i år stig ikkje kostnadane som i fjor, og mellom anna for diesel har prisen til og med gått ned.

- Vi har meir kontroll, seier Tverberg.

Han anslår at konsernet kjem til å auke driftsinntektene samanlikna med i fjor, og også at lønsemda blir høgare.

Fekk erstatning
Etter fleire rundar i retten fekk datterselskapet Aurstad Maskinutleige medhald i at selskapet hadde krav på erstatning frå advokatselskapet DLA Piper i samband med rådgiving før konkursen i K.A. Aurstad i 2018. K.A. Aurstad var hovudselskapet i konsernet før konkursen.

Den rekneskapsmessige effekten er at konsernet kunne inntektsføre omlag 10 millionar kroner i fjor, seier Tverberg.

DLA Piper og advokatselskapet sitt forsikringsselskap, Zurich Insurance, blei dømt til å betale Aurstad Maskinutleige 8,6 millionar kroner pluss renter. DLA Piper måtte også dekke Aurstad Maskinutleige sine sakskostnadar på 1,5 millionar kroner.

Utgangspunktet for erstatningssaka var at maskinparken til entreprenørselskapet K.A. Aurstad vart seld til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige for 20 millionar kroner i oktober 2018, før konkursen i K.A. Aurstad i desember 2018.

Det er råda Aurstad Maskinutleige fekk frå DLA Piper før konkursen som er årsaka til erstatningskravet. Bustyraren konkluderte med at handelen ikkje hadde rettsvern, og tok beslag i maskinparken. Aurstad Maskinutleige kjøpte etterpå attende omlag ein fjerdepart av maskinparken frå buet for 9,5 millionar kroner.

"Etter en samlet vurdering finner lagmannsretten det mest sannsynlig at transaksjonen – salget av maskinene til Aurstad Maskinutleige med avtale om tilbakeleie – ikke hadde blitt gjennomført dersom DLA hadde gitt korrekt informasjon om den usikkerhet som knyttet seg til rettsvernsspørsmålet. I et slikt tilfelle ville ikke Aurstad Maskinutleige blitt påført noe tap.", heiter det i dommen.

Bustyrar meinte prisen for maskinparken var sett så lavt at han melde salet av maskinparken før konkursen til politiet. Økokrim tok ut tiltale mot Cato Aurstad, største aksjonær og styremedlem i konsernet, og han vart dømt for å ha seld maskinparken til ein pris som var til ugunst for kreditorane.

Aurstad AS (konsern)
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt344,6309,4
Driftsresultat17,118,5
Resultat før skatt19,117,4

Publisert: 28.06.2023 10:30

Sist oppdatert: 28.06.2023 10:51

Mer om